torsdag 14. mai 2009

Bok 27: Øya

Då eg var midt i denne boka, tenkte eg: Her har vi årets bok!

Boka har lepraøya Spinalonga si historie bygd inn i forteljinga. Det er ei fasinerande historie om korleis alle spedalske i Hellas vart forviste til denne øya heilt fram til 1957. Der var det eit heilt eige samfunn.

Sjølv likte eg best første delen av boka. Etter kvart går det litt fort i svingane. Åra går fort.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette har blitt ein bestseljar. Eg tippar at brorparten av lesarane er damer. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå at øya har blitt ein turisattraksjon. Les Øya og les om øya Spinalonga.



1 kommentar:

Hildegard sa...

Eg les ikkje så mange bøker i året, men denne las eg i fjor, virkeleg ei god bok. Skulle vore kjekt med ein tur til dei greske øyane. Filmen Mamma Mia har vel også vore god reklame for landet.
Eidabesta