laurdag 2. mai 2009

Bok X

Dei siste dagane har eg omtrent ikkje høyrt lydbok sjølv om eg har gjort mykje praktisk arbeid. Boka fengjer rett og slett ikkje. Er det eg og franske bøker som ikkje heng saman igjen?

Nei, eg får satse på å sjå filmen!

I dag hadde biblioteket fått inn ny lydbokkasse, så eg sikra meg ein haug. Eg rippar dei og leverer dei ned att etter eit par dagar slik at andre kan ha glede av dei.

No vart berre problemet: Kva skal eg lese først? Eg hamna på den i midten. Advokat Svend Foyn kjenner eg frå før for å seie det sånn. Ein kjem lettare inn i seriebøker.



2 kommentarer:

Besta sa...

Trur ikkje eg har lese nokon av desse bøkene, men Mehlum brukar å vere grei; Peter Høgh brukar å vere vanskelig.

solveig sa...

Greit å ha noko lett lektyre akkurat no.
Ha med MP3-en i konfirmasjonen....