onsdag 13. mai 2009

Rikeleg med lesestoff

I Sunnmørsposten for ei tid sidan hevda ein mann at han hadde lese omtrent alle bøkene i bokhandelen. Eg ville ha rådd han til å ta seg ein tur på biblioteket. Ingen kan greie å få lese alle bøkene der. I april hadde eg derimot lese omtrent alle lydbøkene. No har dei fått ny forsyning, og eg lånte fem bøker der. Så kom Øystein heim med nokre han hadde lånt. Så no driv eg med ripping i stor skala. Luksusproblemet er kva ein skal lese først. Det spørs om det ikkje vert Hovland!

2 kommentarer:

Besta sa...

Av desse tre har eg berre lese Beatles.Eg har også lese framhaldsbøkene Bly og Bisettelsen. Eg vil råde deg til å lese alle tre fortløpande. Med meg gikk det for lang tid imellom, så eg miste tråden undervegs.Som du kanskje veit er Lars Saabye Ghristensen ein av mine absolutte favorittar.

solveig sa...

Då må eg lese den sist kanskje, eller vente litt, sidan eg har så mange på vent.