søndag 31. mai 2009

Plantekjøp

Når ein står midt i eit drivhus med hundrevis av plantar, må ein ha ein plan. Kvart år prøver eg å finne ein "ny" plante. Denne gule har eg ikkje sett før, og namnet har eg gløymt. Dei hadde planten i fleire fargar. Rosavariantane hadde ein kvitgrøn farge på blada.
Nellikar i tre fargar. Eg likar å "kræsje" raudt og rosa. Desse kan eg plante i bed til hausten, og er eg heldig, kjem dei att neste år.
Fargevalet mitt i år vart gult, blått og rosa.
Spanske margerittar finn ein på tilbod både i blomsterbutikkar og daglegvarebutikkar. Men denne varianten har eg ikkje sett før. Den skal få stå saman med den kvite engletrompeten.

I taket på drivhusa heng der hundrevis av amplar. I år valde eg å kjøpe to små til 99 kr pr stk, i staden for ein stor til 199,-. Eg fall for kombinasjonen mørk rosa og gult.

Denne blå heng over engletrompeten.

I ampelen frå i fjor planta eg gul bidens saman med mørk rosa surfina (?). I fjor vart ampelen eg planta i sjølv flottast på seinsommaren.

3 kommentarer:

Besta sa...

Du har no hamstra bra i hop.Alt var fint. SÅ mykje vart det ikkje med oss.Pappa kjøpte fire bringebærplantar i potter.Eg kjøpte to rosa geranium som vi sette midt i blomsterkassane, og tok vekk margerittane som ikkje blomstra noko særleg. Så kjøpte eg ei kvit rose og tre raude nellikar som vi planta i den største potta. Vi kan ikkje kjøpe så mykje å ha ved inngangspartiet-der er for lite sol!

solveig sa...

Dette er "plantesnoping". Inne kjøper eg ingenting gjennom sommaren. Ovanpå huset gidd eg heller ikkje ha noko.
Når engletrompeten kjem i blomst, skal eg ta bilde av heile inngangspartiet.

Besta sa...

Eg skal ta bilde av krukka etc når plantane har stabilisert seg litt.Du kan helse M. med at rosa eg fekk med henne er planta ute, og den lever!