søndag 31. august 2008

Seinsommar i krukkene II


Skaugumknollane mine er gamle. Eg har delt dei også, men det er ikkje alle år dei kjem til sin rett. I år har eg hatt dei i krukker utan å dele dei.











Spraglene har eg fått av mi venninne M. Ho har sådd dei frå frø. Det er plantar eg hugsar frå min barndom.
Eg skal knipe nokre stiklingar og ta vare på dei til neste år.





Hengekrukka eg fann i fjor. Eg slepp å tenke på at ho er grøn og dei andre kvite!
No er denne som eg planta sjølv finare enn den eg kjøpte stor.

Seinsommar i krukkene

Dei plantane ein "lagar" sjølv, står no på det finaste. Eg ribba nokre pelargoniar for å få mange stiklingar. Morplantane stod noko ribba att. Eg vurderte å kaste dei, men sette i staden tre plantar i ei stor svart potte og gav dei ny mold.
I sin andre vår står no mødrene og overgår døtrene.





Den engelske pelargonien står no med mange knuppar. Vert veret fint framover, kan han bli som ei lita buske!

Kvar står det?

Vi skal arbeide med "Du må ikke sove" denne veka. Der er mykje å ta tak i, mellom anna "Tilgi dem ikke,...". Kvar finn ein så "Tilgje dei, dei veit ikkje ...." i Bibelen?

Eg visste ikkje at Bibelen ligg på nettet, og at ein kan skrive inn sitat og finne skriftstaden på eit blunk.

Adressa er www.bibelen.no

Best i klassa


Viss nokon lurer på kven borna har arva friidretstalent frå, så har de beviset her!
I går stilte han på halvmaraton og vann klassa 45-49 år!
Vi hadde invitert eit par nabopar til kvelden, så eg brukte dagen på rydding, vasking, handling og matlaging.
I dag sit eg med ei god kjensle etter ein kjekk kveld, og ein masse gode restar.

torsdag 28. august 2008

Skal eg orke å lese denne ferdig....


...har eg tenkt sidan første CD-en. No har eg høyrt 3 CD-ar og interessa dabbar. No oppdagar eg at eg har gløymt å legge 4. CD-en inn på MP3-en. Kanskje det er lagnaden.
Dersom nokon av blogglesarane anbefalar boka, skal eg vurdere å gå ned på biblioteket og låne den ein gong til!
Trykk på ropeteiknet for bokomtale.

onsdag 27. august 2008

Nye lydbøker

Måndag var bibliotekaren så grei at eg fekk plukke bøker frå ei kasse med nyinkomne lydbøker. Eg sleit med å velge, og ville begrense meg til 4 om gongen.
Kva skjer?
Vel heime oppdagar eg at eg har lese to av dei frå før! At det går an!
Mankell les eg ikkje om at. Truleg ikkje Bildøen heller.
I morgon skal dei få att bøkene, det vert i alle fall høgre utlånstal av slikt.....

Timeplanen


I fjor hadde eg alle timane mine trykt saman med fridag fredag. Då underviste eg 3 klasser i Mat og helse.
I år har eg fått timane spreidd utover. Tysdagane når vi har langdag, begynner eg seint. Elles har eg fritime 4. time dei dagane eg har 5 timar. Fredagane har eg kun ein dobbeltime. I år har eg norsk i 10. i tillegg til 2 klasser i Mat og helse.
Eg trur eg kan seie tidleg på året at eg likar denne timeplanen betre. Eg får unna arbeid etter kvart. I dag har eg lese meg frampå om Arnulf Øverland. Vi har starta året med bokmålskurs i norsk.
På skulekjøkenet står det pastasalat og trilling av rundstykke på planen. No når det er slutt på grupper som kan bake rundstykke til kantina, begynner vi med dette frå leksjon 1. Vi kan ikkje bake kvar gong. Sylte og vaflar er t.d. ein så travel leksjon, at ein må konsentrere seg om kun det.

måndag 25. august 2008

Kanskje dei har fått tunnel no?



Då eg plukka med meg denne boka som lydbok på biblioteket, var det fordi eg nettopp hadde høyrt ei anna bok lese av forfattaren, og fordi eg hugsa vi las ho på norsk grunnfag i si tid.

Det er ei bok av si tid med problemstillingar som vil vere framande for nye generasjonar. Det gjeld høve til fri abort, fråflytting, industrialisering og frustrerte husmødrer. Obs, kanskje i Amerika?

Grunnstemninga i boka er trist. Menneska er ikkje lukkelege. Og det regnar.

Boka var absolutt verd å lese om att! Vi kjenner att 70-talet, og er glade for at verda har gått framover!

søndag 24. august 2008

Maten

I Roma fann vi oss gjerne ein fortausrestaurant der vi kjøpte oss pizza eller pasta. Dei rimelege retaurantane dekka brda med rutete dukar. Låg heilt tett, hadde den eine gjerne blåruta og den andre raudruta dukar.
Ein dag ville eg ha noko anna enn is! Dette er den kjende desserten tiramisu.
Vi hadde ei enkelt utstyrt leilegheit. Første dagen vi handla på supermarknaden fekk vi smake ei nydeleg spekeskinke. Vi kokte oss poteter innimellom og hadde til ulike måltid saman med spekeskinka.
--
I tillegg kjøpte vi ulike ostar frå ostedisken
---
Det aller beste eg smakte, var desse ferskenane! Dei var italienske og kom nok rett frå treet. Slik smaka dei i alle fall! Det var noko heilt anna enn dei vi har fått kjøpe i kiloskorger i Noreg denne sommaren. Dei spanske appelsinane var også saftige og søte.

Kompisar i kø

Det er noko rart med det å ha vore vekke ein dag, om det så ikkje er lenger enn inn i Ørsta, så verkar det som dei her har sakna ein. Så ingen ville vere med foreldra på fjellet. Hovdenakken er ikkje noko høgt fjell akkurat. Med lett gange er ein der på under 40 minutt. Men utsikta er fin. Her ser de Ulsteinvik.
Hareidsdalen og fjorden der ferjene møtest.
Og innover mot Ørsta (kommune).

laurdag 23. august 2008

Sølvjenta

Det har vorte lite trening i sommar. Men Håkon og Olaug hadde lyst å springe 60 m i Ørsta. Der var mange fleire deltakarar enn i vår. Både Håkon og Olaug kom først i sitt heat. For Olaug vart det sølv, for Håkon veit vi ikkje. Landets beste vann suverent.

I vår vart det ein langdryg dag. Dei to første timane er berre for rekruttar t.d. I dag vart det ikkje tid til shopping. D.v.s. Håkon og eg gjekk raskt bort og kjøpte ein genser til han. Arrangørane har litt å gå på når det gjeld å få fram resultata.

Vi avslutta Ørstaturen i Starevegen.

fredag 22. august 2008

Grei krim


Dette må kallast ei underhaldande krimbok. Typisk terningkast 4. Stemma som les er litt for monoton etter min smak. Helten er advokat med sans for damer og alkohol. Han har ei tenåringsjente og ein hund. Ikkje så særleg fantasifullt. Men eg les gjerne fleire bøker om han!
---
Eg ser at det er planar om filminnspeling. Vi får vente og sjå.

Skeptisk


Eg la denne boka inn på MP3-en før eg reiste til Roma. Det er greitt å ha noko å høyre på om ein skulle bli liggande vaken om natta, eller berre kvile seg litt på dagtid. Eg har aldri lese noko av forfattaren før, berre sett filmar på TV. I utgangspunktet var eg mildt sagt skeptisk.
---
Det opna etter forventningane. Vi fekk vite kva som "verkeleg" skjedde med Kursk. Han kan då ikkje forandre på historiske fakta vel? Eg vurderte faktisk å begynne på ei anna bok. Etter kvart begynte eg å like boka. Han tek ikkje heilt omsyn til verdshistoria, eller er dette i framtida? I alle fall har Jens kome til makta i Noreg og straks tek han til med fredsforhandlingar. Elles har han nokre kostlege kommentarar om Bush, sett med Condi sine auge. Spenninga tek seg opp, og brått er ein fanga av boka.
Eg ser at andre gjev den ulike kritikkar.

Han la på - igjen eller Telefonsal? Nei takk!

I Italia bestemte eg meg for å ikkje ta telefonen om det var ukjende nummer som ringte. Eg fekk ein telefon. I dag ringte han, og la på. Eg fann firmaet og ein link til Brønnøysund. Sist eg prøvde å reservere meg, stranda det på at eg ikkje hugsa Øystein sitt personnummer. No har det blitt enklare. Logg inn med personnummer her. Det tek 10 sekund.

torsdag 21. august 2008

Spansketrappa og Trevifontena

Spansketrappa. Her sette vi oss ned fleire kveldar. Best stemning i heile byen?
I Roma er det fleire ulike politi. Dei fleste var væpna. Dei kvite, trafikkpolitiet, var kun væpna med fløyter. Men dei vart brukt. Viss nokon prøvde seg på å stikke føtene i fontena nedanfor spansketrappa, vart dei fløyta vekk.
Det er i Trevifontena du skal kaste ein mynt over skuldra for å vere sikker på å kome attende. Det gjorde vi sjølvsagt.

På historisk grunn

Kvar du går i Roma, er du på historisk grunn. Derfor er det kjekt å rusle rundt i ulike bydelar. Men dei mest kjende attraksjonane må ein sjølvsagt få med seg. Vi fekk tips om at vi måtte stå tidleg opp og stille oss i kø. Dette passa oss ikkje heilt. Vi likar oss best utan vekkarklokke. Så vi venta med køståing til 13-14-tida. Det viste seg å vere lurt!
Utanfor Colosseum var det to køar. Ein for dei som ville sjå, og ein for dei som ville ha guida turar. For 4 euro ekstra kunne ein gå omtrent rett inn. Det var ein ungdom med flott engelsk som verva oss til guida tur. Då vi kom inn, viste det seg at guiden var italienar, og aksenten utprega. Med telefonar på øyret for å høyre betre som hyadde sin ekstralyd, vart det litt vanskeleg å følgje med. Men vi anstrengte oss den halvtimen det tok, og litt nytt lærte eg.
Dei haddebygd opp litt av tregolvet, så ein kunne få eit inntrykk av korleis det hadde vore. Under heldt dei fangar. Dyra heldt til utanfor.
Dette bildet er frå første kvelden utanfor. Legg merke til dei mange inngangane. Dei kunne tøme og fylle Colosseum på kort tid.
Her ser ein litt av det gamle golvet som no er dekt med ein slags asfalt.

No må eg vel til å sjå gladiatorfilmar for å kjenne meg att!

p.s. Dei kristne fjerna mange romerske symbol frå Colosseum i tillegg til å sette opp kors.

onsdag 20. august 2008

Viss det er 35 grader i skuggen, er det der eg vil vere.

Omtrent kvar du enn går eller står i Roma, står du i vegen for ein som fotograferer. Dette gjer at ein kan drive med snikfotografering. Legg merke til klesdraktene i varmen!
Temperaturen låg først på 35.36 grader, så gjekk han ned til behagelege 30-32. Eg hadde heldigvis kjøpt meg eit lett skjørt. Ein må vere anstendig kledd, d.v.s. ikkje vise skuldrar eller kne, dersom ein skal kome inn i kyrkjer og Vatikanmuseet. Dei katolske nonnene hadde tatt konsekvensen av varmen, med 3/4 sidde og luftige skaut.

p.s. Viss nokon har sett Øystein og meg gå på kvar si side av fortauet, eller på kvar sin benk i parken, så betyr det ikkje at vi har vore uvenner. Han greier å sole seg i 35+. Det gjer ikkje eg!

Draumen

Heilt sidan lærarskulen har eg hatt ein draum om å kome inn i Det sixtinske kapell. Vi hadde ei tynn bok i kunsthistorie som vi lærte omtrent utanat. Eg såg for meg kuppelen med måleriet i.

Men det hadde heilt andre dimensjonar enn eg hadde trudd. Det var forbod mot å fotografere og prate inne i sjølve kapellet. Eg hadde stor medynk med vaktene som gjekk der og hysja.

Vatikanmuseet var fullt av kunstskattar. Der hang mellom anna måleri av Van Gogh og Gaugin. Der fanst også moderne kunst. "Alt som pavekyrkja har røva til seg", som ein sa.
Tak og vegger var overalt dekorerte.

Eit eige rom med kart.

Landa



Eg reknar med at blogglesarane ventar på innlegg frå Roma. Men skulestart har krevd sitt. No begynner vi å lande.

Desse bilda er frå innflyginga til flyplassen utanfor Roma. Deretter tok vi tog til bydelen der vi budde i ei lita leilegheit. Vi hadde ei fantastisk veke i Roma! Og vi er svært takknemmelege for godt pass av dei to yngste!

Eg skal prøve å kome med ein del innlegg. Det får bli tema for tema.

laurdag 9. august 2008

Jobb igjen!

Sidan eg reiser vekk veka før skulestart, har eg hatt meg eit par økter på jobb denne veka. Eg har tatt fram alle lause ting som vart vekkpakka til nedvasken tidlegare i sommar.

Vi har ulike fargar på dei fire gruppene. I år skifta eg frå raudt til gult på bakegruppa. På Lillehammer fann eg nye måleskeier i grønt og blått. Den gule gruppa måtte ha svarte silikongrytelappar og måleskeier.

Fargekodene er i tillegg til å vere litt stilig, praktisk når ein skal rydde. Finn eg ei gul bakeskrape, slepp eg å leite over heile kjøkenet, for så å finne ut at den manglar i siste skuffa eg ser i.

Eg tok nye bilde. i alle skuffene ligg det bilde av det som skal vere. Det gjer det enkelt å rydde for elevane.

Sydensang


Denne parodien må vel seiast å vere sommarhiten 1983. Eg var på Mallorca den sommaren saman med T. Måndag reiser Øystein og eg til Roma!

Meir frå Osloturen: Fredssenter

Det ligg like ved Aker Brygge. Vi var inn i butikken, men gjekk ikkje inn på sjølve utstillinga.
Eg veit ikkje om blomsterpottene utanfor skulle symbolisere noko spesielt.

fredag 8. august 2008

Badetur

Eg veit ikkje om det er yr.no som lurer oss, eller vi som let oss lure. I dag var det meldt lettskya, og då ville gjengen bade. Vi oversåg "bris". Som de ser på bølgjene, er vindretninga også avgjerande for kor triveleg det skal vere å bade.

Ungdommane tok på seg flytevestar og symde ut til flåten. Der hoppa og herja dei så lenge dei ville. Eg hadde tatt med mine største badehanddukar, slik at det skulle vere minst muleg ubehageleg å kome på land. Deretter var det berre å hive seg i bilen. Heime var det valfritt bad eller dusj.

torsdag 7. august 2008

Syng med!


For dykk som vert provoserte av allsongprogram der programleiarane kler seg ut som amerikanske køntriartistar, legg eg ut denne videoen som eit alternativ, slik at de kan synge med, eller berre nyte.

Vi hadde håpa på betre ver

då vi planla padletur med bading. Med 14 grader på land, er det ikkje rart ungdommane ser litt skeptiske ut!
Men dei hevdar at det var varmt i vatnet!
Alle hoppa frå kanoen etter tur.
Fire søskenbarn på ferie.
Eg var med som pølsekokk. Legg merke til reiskapen, ein steikepinsett eg fekk av Lars for mange år sidan, før vi omtrent visste korleis han skulle brukast.

onsdag 6. august 2008

Sommarunderhaldning



Desse to bøkene har eg kosa meg med siste to vekene. Eg synest nok dei siste krimbøkene hennar er betre enn desse. Men dei er absolutt underhaldande.