torsdag 21. august 2008

Spansketrappa og Trevifontena

Spansketrappa. Her sette vi oss ned fleire kveldar. Best stemning i heile byen?
I Roma er det fleire ulike politi. Dei fleste var væpna. Dei kvite, trafikkpolitiet, var kun væpna med fløyter. Men dei vart brukt. Viss nokon prøvde seg på å stikke føtene i fontena nedanfor spansketrappa, vart dei fløyta vekk.
Det er i Trevifontena du skal kaste ein mynt over skuldra for å vere sikker på å kome attende. Det gjorde vi sjølvsagt.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Då vi var der, var fontena nypussa. Lars lurte på om eg var skuffa etterpå, men eg hadde ikkje tenkt over at der ikkje var vatn i fontena. Eg må visst attende, ja...

Besta sa...

Det næraste eg har vore Trevi-fontena er Pizzarestauranten FONTANA DI TREVI - i Karlstad. Det er yndlingspizzarestauranten min.Elles så minnest eg den kjende filmen La Dolce Vita der svenske Anita Ekberg bada i Trevifontena.
Den scena er blitt klassisk.