fredag 22. august 2008

Skeptisk


Eg la denne boka inn på MP3-en før eg reiste til Roma. Det er greitt å ha noko å høyre på om ein skulle bli liggande vaken om natta, eller berre kvile seg litt på dagtid. Eg har aldri lese noko av forfattaren før, berre sett filmar på TV. I utgangspunktet var eg mildt sagt skeptisk.
---
Det opna etter forventningane. Vi fekk vite kva som "verkeleg" skjedde med Kursk. Han kan då ikkje forandre på historiske fakta vel? Eg vurderte faktisk å begynne på ei anna bok. Etter kvart begynte eg å like boka. Han tek ikkje heilt omsyn til verdshistoria, eller er dette i framtida? I alle fall har Jens kome til makta i Noreg og straks tek han til med fredsforhandlingar. Elles har han nokre kostlege kommentarar om Bush, sett med Condi sine auge. Spenninga tek seg opp, og brått er ein fanga av boka.
Eg ser at andre gjev den ulike kritikkar.

1 kommentar:

Besta sa...

Denne forfattaren har eg skydd som pesten-han og Jon Michelet. Veit eigentleg ikkje kvifor. Kanskje er det macho-stempelet som skræmer?