søndag 31. august 2008

Kvar står det?

Vi skal arbeide med "Du må ikke sove" denne veka. Der er mykje å ta tak i, mellom anna "Tilgi dem ikke,...". Kvar finn ein så "Tilgje dei, dei veit ikkje ...." i Bibelen?

Eg visste ikkje at Bibelen ligg på nettet, og at ein kan skrive inn sitat og finne skriftstaden på eit blunk.

Adressa er www.bibelen.no

8 kommentarer:

Besta sa...

Denne opplysninga kom i rette tid. Hadde tenkt å leite etter eit sitat som eg ikkje var sikker på om det var i Bibelen i det heile tatt- no hugsar eg ikkje sitatet, men det kjem vel att.

arieldog sa...

Når eg møter folk og fortel dei at eg underviser i norsk og engelsk, har eg ofte fått kommentaren "huff, verste faga". Sjølv synest eg norsk er eit fantastisk kjekt fag å undervise i, men det er mykje retting. Eg kjenner allereie at eg gler meg til årets gjennomgang av "Du må ikke sove". Ein av favorittane!

solveig sa...

Eg har jobba fleire timar med det sjølv. Det er mangt som må repeterast. Eg har dessutan funne ut at det ligg utruleg mykje på nettet! Alt frå diktet i si heilheit til ulike analysar. Alle kjelder er ikkje like mykje å stole på, så ein må vudere sjøl.
Der er utruleg mykje å gripe tak i både språkleg og innhaldsmessig, men det veit no du.
Eg såg at det var kåra til det beste diktet i Dagbladet.
p.s. Håper min nyvunne entusiasme smittar på elevane!

Besta sa...

Entusiasme er det beste pedagogiske hjelpemiddel ein kan ha. Sjølv elska eg å undervise i historie og Bibelhistorie.Merkelig nok vart dette også yndlingsfaga til elevane ???
Særleg elska eg å fortelje frå det gamle Egypt-det var til og med ein elev som ville gå inn til rektor å be om at eg skulle få høgare løn.Eg trur det må ha vore etter timen om balsamering av kattar.....Eit anna yndlingstema var Svartedauden.Norsken fekk eg aldri samme dreisen på!

solveig sa...

Det hjelper på med røvarhistorier!
Denne veka fortel eg om korleis ein kan ta livet av folk, eller i alle fall gjere dei alvorleg sjuke, med kryssmitte(matforgifting). Trur det er ein meir interessant vinkel enn at ting er "farleg".

Besta sa...

Krim på kjøkkenet altså?

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette var ein nyttig link!

solveig sa...

Lite matforgifting i krimlitteraturen. Kanskje det ikkje vert oppdaga? Agatha Christie har vel nokre forgiftingar om ikkje anna!
Sikkert mange lærarar som kan få bruk for den linken!