torsdag 11. desember 2008

Nobelprisvinnar.


Eg skreiv særoppgåve på gymnaset om Sigrid Undset, Kristin Lavransdatter og Olav Audunsønn. Bøkene fascinerte meg dengong. I 10-ande meinte vi at det kunne vere kjekt å sjå ein film før jul Vi har to dobbeltimar i norsk, så vi kan sjå filmen i to eller tre delar.
---
Då eg var ung, kunne eg ikkje forstå kvifor ho ikkje ville ha Simon Darre. Var han fetladen? Det er i alle fall ikkje Jørgen Langhelle som spelar Simon i filmen. I 1995 var eg einig med meg sjøl, og enno irriterer det meg at ho er så naiv.
---
På førehand var eg litt skeptisk på om filmen ville fenge gutta i 10B. Men her er nok dramatikk foreløpig! Dei religiøse sidene av filmen er eg spent på om nokon får med seg.
---
Det er artig å møte att handlinga av ei bok ein las då eg var 18 og såg filmen til då eg var 32. Som 45-åring trur eg at eg ser endå fleire element i historia.
---
Sigrid Undset fekk Nobelprisen i litteratur for bøkene om Kristin Lavransdatter og Olav Audunsønn i 1928. Eg meiner dette er bøker som held seg.

7 kommentarer:

arieldog sa...

Viss eg ikkje tek heilt feil, såg du og eg den på kino i Ulsteinvik. Det religiøse aspektet er framandt for ungdom i dag, og det kjem betre fram i dei to andre bøkene, viss eg ikkje hugsar heilt feil. Personleg likte eg betre "Jenny" enn desse bøkene.

solveig sa...

Eg såg den i alle fall då den kom. Eg hugsa eg var skuffa over skodespelarvalet til hovudrolla, ho er altfor bleik og lik Liv Ullmann. Elevane vil nok få heilt ulike opplevingar av filmen!

Besta sa...

Eg var heilt fascinert av første boka i serien då eg las den for mange år sida. Eg forstod godt at ho ikkje ville ha Simon Darre, som eg såg som ein Smørbukk, men den vakre, verdsvande og sjarmerande Erlend.Det same meiner eg enno.Dei fleste jenter likar BAD BOYS-men ikkje alle er så dumme at dei gifter seg med dei.Eg var heilt hekta på Undset i lærarskuletida,skreiv stil og heldt foredrag for dei andre elevane om henne og bøkene hennar.Jenny er den boka eg hugsar best, den har eg lese mange gonger.

Besta sa...

Eg ser for meg at den unge Liv Ullmann passa som Kristin-ho som spela Kristin i filmen, var for spinkel!Liv Ullmann spela rolla på teateret viss eg hugsa rett.

arieldog sa...

Det som irriterer meg, er at dei ikkje filma resten av serien òg - om ikkje anna så for TV. "Garman og Worse" er ei anna bok som burde ha vore filma, og kanskje heile serien om "Hellemyrsfolket".

Besta sa...

Der er eg heilt samd med Ariel. Vi har så mykje bra litteratur som egnar seg for film. Og ikkje berre korte filmar, men heile lange seriar. Kven hugsar ikkje Benoni og Rosa? Ein av dei få klassikarane som har blitt serie. Det skulle ha vore engelskmennene -dei hadde ikkje slikt godt stoff ligge på vent!

solveig sa...

Heilt enig der. Vi vart ikkje ferdige med filmen i dag fordi dei skulle legge fram bokmeldingar. Men eigentleg er det greit å ha tid til å fordøye filmen. Eg meiner framleis at Simon Darre er for pen i filmen...