søndag 7. desember 2008

Kva sa presten i dag?


...At for den summen ein spytta inn for å redde dei som har spelt med pengar for å bli rike, den såkalla finanskrisa, kunne ein ha avskaffa fattigdomen i verda.
Av 100 verdborgarar er det 1 som har PC og 30 som kan lese.
Elles var det ei flott lysmesse der konfirmantane tok del . Berre ei oppgåve vart forsømd. Ingen samla inn offeret som skulle gå til nye konfirmantkapper.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Ser at du har hatt ei aktiv helg. Familien er jammen heldige som har ei så flink mor i heimen.
Eidabesta

solveig sa...

Ein føler heile tida at det er meir ein skulle ha gjort....

Besta sa...

Å avskaffe fattigdommen med eit stort beløp pengar, trur eg ikkje er mulig.Det viktigaste er nok å halde hjula i gang, så folk har arbeid og inntekt.(Det var kanskje det pengane skulle vore brukte til?)Eg trur også at ein må satse mykje meir på eit effektivt jordbruk verda over, mat blir det alltid spørsmål etter.Det umoralske i det som har skjedd i finansverda er vel at mange menneske har tent seg søkkrike på å flytte pengar og verdipapir på datamaskiner.

solveig sa...

Og dei vert redda, men ikkje dei som står i fare for å svelte i hel og døy av manglande vaksiner...