torsdag 4. desember 2008

Kor gammal er gjæren?








I går hjelpte eg nokre damer frå K-gruppa med lefsebaking på skulekjøkenet. Ei hadde med seg deig med mykje smør og sukker. Dei var det hornsalt i. Vi andre baka etter Anna Bjåstad si oppskrift. I den er det både gjær og bakepulver.



Eg meiner at den oppskrifta må vere ganske ny. Den er også å finne i ei Espelid-bok. Alle var samde om at den oppskrifta var god å kjevle ut. Når vi bakar med 9. klassingane fungerer den godt. De finn den på bloggen på november i fjor.

I boka "Ta kaka" kan ein lese mykje om baketradisjonar, men eg finn ikkje tidfesta gjæren. Idun har selt sidan 1883.

Poteta gjorde det lettare å halde gris. Hadde ein gris, hadde ein smult. Jerngryta kom på slutten av 1700-talet. Smultbaksten var den første småkakebaksten.

Den eldste julekaka var vørterbrødet. Det kunne steikast i jerngryte med lok. Rosiner og krydder hadde ein tilgang til sidan tidleg på 1700-talet. Det var rug som var det kornslaget ein hadde tilgong på.

No skal eg ikkje trøtte blogglesarane med meir historie i dag, berre sitere ei av damene i går: "Eg er forundra over at det går an å sitte lenge og snakke om lefser."

3 kommentarer:

Besta sa...

Kor gammal gjæren er, veit eg ikkje.Han er i alle fall eldre enn eg! Då vi budde i "Stabburet" brukte eg å få ein grøn papirkronar for å kjøpe for ei krone i gjær hos Dypvik(Helene Bjørlo heitte butikken).Eg fekk ein god slump oppi papirposen(type kremmerhus)men det minka ganske mykje på heimvegen. Allereide den gongen hadde eg utvikla evna til å ete alt eg såg. Ein gong eg kom heim og hadde teke ein god sleik ned i øskja med skokrem, heldt mamma på å gå frå konseptane. Og det skjedde ikkje så ofte.
Lefseprat er ein obligatorisk programpost når vi kjerringane her i gata kjem i lag.Då er eg relativt passiv.Eg foretrekker å ete framfor å prate om dei.

Besta sa...

Eg gløymde å nemne den heimekoka søsten! (Ei slags gombe)- den kan dei prate lenge om, kjerringane. Eg har enno til gode å smake ein heimelaga søst som er like god som meieriet sin!

solveig sa...

Der er eg heilt enig. Den heimelaga er ofte for søt og tynn.