laurdag 18. juli 2009

Populær dessert

Dette er eigentleg ei marengskake, men eg valde å lage den i ei form.

Eg starta med å lage ein marengsbotn i ei langpanne 30 x 40 cm. Då tok eg utgangspunt i ei pavlovaoppskrift og brukte 6 eggekvitar og 3 dl sukker. Ein annan gong vil eg ta utgangspunkt i sviskekaka (sjå til høgre) og bruke 4 eggekvitar og 4 dl sukker.

Slik laga eg kaka/desserten:

Legg lagvis, begynn nede:

marengsbotn

frosne bær t.d. rips eller skogbærblanding frå frysedisken

1 pk vaniljekrem (Piano)

krem

marengs

krem på toppen (Eg brukte litt meir enn ein pakke til saman)

bær til pynt? (Eg fann ferske bringebær i går, noko eg aldri har kjøpt før.)

Før nokon tek meg for plagiat; dette liknar veldig på mamma sin dessert med pikekyss!

7 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg godt ut! Her blir det ikkje laga mykje mat for tida. Eg har vore så oppteken med husrydding etter at eg kom frå ferie. Prøver å få litt orden og system på bodene bl.anna. Men neste veke får vi besøk frå Australia, så då blir det vel litt meir matlaging...

solveig sa...

Pavlova er vel ei australsk kake!

arieldog sa...

Er sikkert godt med blåbær òg. Bæra er modne i skogen, og det blir visst passeleg plukkevêr framover.

solveig sa...

Eg må innrømme at eg hadde noko ferdigkjøpt i frysaren, skogsblanding. Der er blåbær i. Det er søtt og godt.
I dag har eg avrima begge frysarane. Så no har eg full oversikt før bærsesongen. Eg satsar på å røre mykje hagebær i år. I fjor var eg på tre feriar. Den eine rett inn i skulestart. Då vart det lite sylting.

Hildegard sa...

Herleg! Lappetausa serverte ei liknande med blåbær og bringebær i gubben sin bursdag den 10. ds. Her plukkar dei minste rips. Før åt vi sukra rips med vaniljesaus, men må vere forsiktige med det også no!
Det blir vel til frysaren.
Eidabesta

Elin sa...

Hmmm, dette ser godt ut! Eg har, som tanta di fortel, debutert med Pavlova, med stort hell! I dag skal eg også servere ei slik kake, men denne gongen hadde eg ikkje melis, men sukker, så eg er spent på resultatet. Og heimelaga is serverte eg hin kvelden, og alle blei imponerte...eg hadde i litt forskjellig smakstilsetjingar, kaffi, hakka sjokolade, peanøtter, og fraus i mindre binner. Einig med deg i at det kan bli for søtt... Men denne marengsen din, kløyver du han i 2 sidan du har 2 lag, eller?

solveig sa...

Ja, eg lagar han i lanpanna og deler han i to. Her i huset nyttar det ikkje med små porsjonar. Gjestene åt sitt, og så dukka det opp folk i kjellaren (dei to eldste har "hyblar" der) etter kvart.
Eg brukar sukker i marengs. Men eg trur det må vere rikeleg med sukker i elles vert marengsen litt klissete.
Framhald kan følgje....