tysdag 21. juli 2009

Marengsbotn

Eg var ikkje heilt fornøgd med konsistensen på marengsbotnen eg laga før helga. Smaken var grei, men den vart litt klissete. I dag ville eg prøve på nytt.

Ha 4 dl sukker og 4 eggekvitar i ein bolle og pisk stivt.

Brei marengsmassen utover ei bakepapirkledd langpanne (steikebrett går bra).

Steik midt i omnen på 150 grader i ca ein time.
Denne marengbotnen vart sprø og fin. Då er det berre å dele han i to og fylle med krem, vaniljekrem, frukt og/eller bær etter smak. Slike botnar står seg godt.

I nokre oppskrifter står det at ein skal piske eggekvitane først og så ha i litt og litt sukker. Det går bra, men Kenwooden er så kraftig at det ikkje er nødvendig.

4 kommentarer:

Elin sa...

hmmm, den pavlova eg laga skulle steike 2 timar, kanskje ikkje nødvendig?

solveig sa...

Denne er i alle fall eg fornøgd med. Men ein kan vel ha lågare temperatur og lenger steiketid for å tørke den betre.

Besta sa...

Eg piskar alltid eggekvitane utan sukker først-heilt stive og så har eg i sukker og piskar enda meir.Men kanskje eg anstrenger meg for mykje?

solveig sa...

Ein kan no gjere det for å vere på den sikre sida,det spørs sikkert miksaren.