fredag 31. juli 2009

Fin dag for fiskefarse

I dag regnar det i vinkel her. Kanskje like greit når ein far ein stor fiskefangst å ta seg av. Eldstekarane fiska saman med morfaren i går og kom att med makrell, sei og ein torsk. Vi kokte torsken og dei minste seiane til middag i går.

No er det slik at Besten allereie har fylt frysaren vår med sei. Og når ein får fisken fersk, er det freistande å lage fiskemat. Dei ca 140 seikarbonadane held vel fram til haustferien om vi innfører ein fast dag for dei?

Eg rigga meg til med eit lite samleband på kjøkenbenken med måleskeier i dei tørre ingrediensane of vekt til fisken. Elles brukte eg foodprosessor og to steikepanner. Arbeidet tok ca 2 timar, like lang til som mannen i huset brukte på helgevasken.

3 kommentarer:

Besta sa...

Nylaga fiskekaker er kjempegodt. Håper journalisten også likar dei, sidan han ikkje et særleg mykje fisk.
Bra jobba.

solveig sa...

Ja, desse et alle, og i dag har vi ulysta oss. Der er att litt til kvelds også. Eg trudde det var i morgon dei kjem att frå Norway Cup, men det er visst i dag. Så no får eg lage noko godt til i halv bi tida.

Anlen sa...

Nam!