måndag 20. juli 2009

Reiste til Roma i regn


I dag reiser Øystein til Roma - utan meg. Eg sit og lurer på om eg skal angre! Så minner eg meg sjølv på då eg sat i 38 grader i fjor og lovde å aldri klage over kjølige sommardagar.
--
Grunnen til at eg er heime, er sjølvsagt at eg vil administrere heimen. Håkon skal sendast på Norway Cup laurdag. Øystein kjem direkte til Oslo og Norway Cup søndag. Eg kan sjølvsagt ta buss eller fly nedover då.
--
I dag har Olaug og eg vore i Ulsteinvik og shoppa. Eg har knapt vore over Eidet i sommar. Shopping er ein styggeversaktivitet.
--
Eg har skaffa meg mold og har store planar om å nytte det flotte omplantingsveret. Det skal visst vare ut veka.
--
p.s.
Viss nokon har lyst å kome på besøk, så er eg her! Gje meg berre eit hint, så eg ikkje er ute og rek.....

2 kommentarer:

Elin sa...

Mykje å finne på heime i regnver! Det er nesten så det kan vere litt avslappande med nokre gråversdagar, berre dei går over! Eg kjem på besøk så snart strikkemoro er klar...

solveig sa...

Vi gler oss!