søndag 12. juli 2009

Made in Sweden I

På Coop Forum på Marieberg kom eg over denne lappesteikepanna i støypejern.
I dag måtte ho prøvast, og sidan vi hadde surmjøl i hus, vart det surmjølkslappar. Eg hadde ikkje smør i røra, men brukte litt då eg steikte dei. Mi erfarein er at jernsteikepanner varer lenge, og dersom ein får rikeleg med feitt "inn i dei", kan ein greie seg med lite feitt i panna etter kvart. Eg vaskar den sjølvsagt berre med vatn.

I dag gjekk eg ut i hagen og plukka bær til rørte jordbær.


5 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ikkje lappepanne og ikkje skal eg ha, men eg vart inspirert til åta fram at eit par av dei ørten malmpannene som er forvist til kjellaren, for malm ER best!

solveig sa...

Mine er like fine, i alle fall nesten, etter 25 år. Eg har tre gryter i kjellaren. Dei er mindre enn den eg brukar. Audun har begynt å samle kjøkenutstyr i snikkarkassa si. Så no skal eg endeleg få tynne litt i utstyret mitt.

Besta sa...

Kva er skilnaden på lappar og sveler. Det som her på Sunnmøre heiter sveler, kalla vi lappar. Sveler var tynnare og meir likt pannekaker, men steikt i tørr panne. Oppskrift i Fjordamat.

solveig sa...

Det er vel helst størrelsen. Eg tenkte eg skulle finne ei svensk oppskrift på lappar.

Besta sa...

Når vi hadde restar av risgraut, brukte mamma av og til å lage rislappar. Eg lagar vaflar av om lag samme røra.