søndag 26. juli 2009

Seikarbonadar

Eldstekarane i huset har fått ein ny hobby; fisking. Til no har fangsten ikkje vore større enn at dei har steikt den og ete den etter heimkomsten. I går hadde dei større fiskelykke, og rundt midnatt kom dei heim med nokre småseiar. Ingen var svoltne, så eg berre filiterte dei. Det er ein kunst eg treng øving i. Eg la filetane oppå ein opp-ned djupetallerken oppå ein flat. I løpet av natta hadde fisken gjeve frå seg litt væske.

Kva skal ein så lage av fisken. Sidan ein av fiskarane ikkje et rein fisk, bestemte eg meg for å ta fram gamle Frå bollar til burritos. Eg hugsar at vi laga gode seikarbonadar ein gong i ei 10-klassegruppe.
Attåt serverte eg omnsteikte grønsaker og poteter. Då kan alle ta dei sortane dei likar. Eg krydra med Cemo potetkrydder og litt salt.

Medan vi et:
- Ka dokke synst?
- Hæ? E de du som he laga de? Ej trudde det var o mormor?
Det tek eg som eit kvalitetsstempel.

2 kommentarer:

Besta sa...

Oppskrifta liknar veldig på mi(frå Fjordamat), men eg brukar vanlegvis ikkje ha løk i.Steiker heller løk ved sidan av.Dette er ei enkel, men god oppskrift.

Alt godt sa...

Mmmm! Desse skal eg prøve, eg trur eg har denne boka, så eg skal bla fram oppskrifta og teste. Å lage fiskemat er enklare enn ein trur. Sjølvsagt kan du lenke til meg, Solveig, takk for at du vil!