måndag 27. juli 2009

Bok 44: Vil du bli døv eller blind?


Då eg plukka opp denne lydboka på biblioteket, hadde eg ei kjensle av at eg kanskje hadde lese henne før. Etter ein CD var eg sikker. Eg må ha lese boka då ho kom ut i 2005. Men korleis gjekk det eigentleg? Vart han blind? Tok han imot hjelp? Det vart til at eg ville høyre boka som lydbok også.
---
Dette er ei bok som ein anten vil kalle genial eller dårleg. Det er ei bok ein må ta stilling til. Eg har sansen for boka. Den stiller mange viktige spørsmål. Kva kan kjøpast? Målaren som er hovudpersonen i boka, målar kroppsdelar. Kan ein kjøpe kroppsdelar?
---
Ein del mennesketypar får sitt pass påskrive. Den kyniske legen selde svara på matteoppgåvene då målaren gjekk på gymnas saman med han. Der er ei parallellhandling på teateret, og der er mange typar å ta tak i.
---
Les gjerne meir om boka her.
---
p.s.
Til alle som er skeptiske til lydbøker vi eg seie: Prøv! Du får med deg mange fleire detaljar, og med ein god opplesar får boka ein annan dimensjon.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har (sjølvsagt) lese denne boka også, og som vanleg gløymt det meste.Lars Saabye Christensen er ein av mine absolutte favorittar. Denne boka er ikkje den eg har likt best.Absolutt favoritt er Halvbroren.(22 Cd-ar)

solveig sa...

Halvbroren har eg lese i papirutgåve. Det er slike bøker Øystein kjøper.