måndag 20. juli 2009

Ops, eg gjorde det igjen...

Så har eg altså kjøpt meg nytt vaffeljern, igjen. Kva som skjedde med det gamle skal eg ikkje gå inn på. No har eg kome ut av teljinga på kor mange vaffeljern vi har hatt.
På klubbhuset hadde dei to slike jern. Dei gir 23 cm store vaflar. Det går meir røre til ei slik enn det gjorde til to i det doble eg hadde før. Dessutan pip det når vaflane er ferdigsteikte.




5 kommentarer:

Besta sa...

Eg har to vaffeljern, eit enkelt og eit dobbelt. Det doble er forholdsvis nytt, men eg har teke det gamle til nåde igjen, for eg syntest vaflane vart best i det jernet.Ikkje godt å forklare......
Gratulerer med nytt jern, det såg i alle fall ut som om vaflane vart gode!

solveig sa...

Eg har, sant å seie, eitt jern til som virkar, men det har jusstudenten lova å ta med seg saman med smørbrødgrillen.
I dag gjekk det i alle fall raskt å steike. Pipinga var heller ikkje dum, litt høg så "heile huset" får med seg at det er vaflar. Den kan slåast av, om nokon lurer.

Besta sa...

Har studenten fått seg ein plass å bu? Såg på TV at det er problem med studenthusvere i Oslo.

solveig sa...

Han stod på 2-300. plass på studentheim, så han må nok inn på den private marknaden.
Svogeren min i Molde anbefaler å kjøpe ei eittroms for kring 500 000. Då er det faste utgifter på 1700 i månaden. Viss noko slikt fantest ein plass han kunne tenke seg å bu, er det kanskje ikkje så dumt? Foreldra må sjølvsagt stå som eigarar, og studenten må betale studentheimpris. Foreldra sel leilegheita etter 5 år med tap eller gevinst.

Elin sa...

Det er mange som får seg husrom på den måten, både i Bergen og Trondheim.
Gratulerer med vaffeljarn. Når det gjeld piping, så fekk eg eit fortreffeleg strykejarn til jul, og det pip etter ei stund, noko som er ganske irriterande når eg sit og syr og har på jarnet lenge. Eg har ikkje funne nokon avknapp...