Då eldstemann var liten, mora det farmora at når ho hadde kjøpt noko nytt, spurde han: Kjøpt i Ørsta? I dag hadde eg meg ei lita butikkrunde åleine etter å ha levert Olaug på fiskeferie hos Besta og Besten. Eg heldt på å gå meg vill på Ørsta torg. Der var det mange stengte butikkar, og eit par nye hadde dukka opp. Ærendet var å finne ein fin voksduk til kjøkenet, men der var ingen fine blåmønstra som eg var ute etter.
Til slutt enda eg opp på Mega der eg kjøpte mat og desse to klutane i gilde fargar som skal inspirere meg til støvtørking og anna reingjering!
No er det seks timar sidan eg åt middag i Ørsta, så eg held på å bli svolten att. Besta serverte nydeleg kald makrell (sjekk bloggen hennar) og blomkålsuppe. Det vanka også kake til dessert/kaffi.
2 kommentarer:
Voksdukar får du på Målar-Olav/ Stil og stemning.Det var der eg kjøpte anti-skliduken min.Som faktisk LIGG i ro på bordet.No har dei fiska både vel og lenge og kom heim med enda meir makrell som også naboane nyt godt av.
Eg såg din duk, men i blått var der berre einsfarga og mønster eg ikkje likte..
Legg inn en kommentar