måndag 20. juli 2009

Bok 42: frægd


Når eg er innom biblioteket, ser eg etter
nye nynorskbøker. Forfattaren i familien stilte seg noko undrande til akkurat dette bokvalet.
- Kunne dette vere noko for meg?
Eg sit og klukkler av humoren i boka.
- Er der ikkje mykje banning og styggeprat?
Det var det visst rikeleg av i debutromanen til denne forfattaren.
--
Kva er det som er så artig?
For det første skriv han eit glimrande nynorsk. Ikkje eit språk som høver til dagleg bruk rett nok. Tittelen slår an tonen. Ein finn ord tekne frå vikikngtida og framover. Han vrir og vender på både norsk og svensk litteratur.
--
Døme:
Traktoren
stend i tunet
når du kjem.
Køyr litt med traktoren
Det er han som er sterkast i garden.
---
Hovudpersonen, ein 10 år gamal gut, må heite etter begge bestefedrane sine; Torgrim Torgeir. Kven hugsar ikkje dei barnslege bestefedrane til Ola Ola?
---
Og så er det besten som ikkje vil vaske seg "og heldt seg til dei to årlege kaldtvasslauga".
-
Betre byrdi
du ber ikkje i bakken
enn mannelukt mykje
D'er betre enn gull
i framand gard;
laug er vesalmanns trøyst.
---
Det vert liksom nok. Midt i boka gjekk eg lei. Kva er dette? Kva vil forfattaren? Lygehistoriene til Besten vert berre overdrivne. Dei er ikkje morosame lenger. Språkleg gjentek han seg sjølv. Eg begynner å forstå kva Øystein meiner. Der er scener som ikkje ville passert svensk filmkontroll.
---
Les gjerne meir her.

2 kommentarer:

Besta sa...

Dette verkar veldig U-morosamt for å seie det rett ut.Å vri å vrenge på Olav H.Hauge og Håvamål er vel ikkje noko sak.Då heller Arto Paasilinna, som eg les akkurat no!

solveig sa...

Boka er som enkelte folk. Det er festleg ei stund, og så blir det kjedeleg når det ikkje kjem vidare.