søndag 19. juli 2009

Dansk motstandskamp


Øystein fekk denne filmen til fødselsdagen sin, men vi har ikkje teke oss tid til å sjå han før no. Den yngste generasjonen var fascinert av Max Manus. Derfor meinte dei at denne filmen ville vere noko for faren. Hm, filmen vart vist i kjellaren først.
--
Som meldinga i VG er inne på, må hisoria reviderast. Heltane vert skildra nyansert.
--
Eg likte denne filmen fordi den stiller viktige spørsmål. Når det er krig, skal ein lyde blindt eller tenke sjølv? Kven kan ein stole på? Kva motiv har folk?
--
I motsetnad til i Max Manus kjenner vi ikkje historia frå før, så her er det spenning frå byrjing til slutt. Filmen vart svært populær i Danmark.
--
Eg anbefaler alle (over 15 år) å sjå filmen, også dei som ikkje var så begeistra for Max Manus.

2 kommentarer:

Besta sa...

Då eg gikk på DH lærte vi at den norske motstandskampen var nesten utan betydning, mens den danske var meir effektiv.No er eg "oppflaska" med heltefilmar frå krigen, og er nokså fed up.Men kanskje eg skal sjå denne. Problemet er at eg ikkje får far din med på å sjå filmar...........uansett.

solveig sa...

Denne fekk visst eldre danske menn til å gå på kino...