tysdag 14. juli 2009

Agurkurt

Blå mat finst det vel ikkje så mykje av? Agurkurt veks villeg i hagen. Den sår seg sjølv. Eg veit ikkje om den har fått namnet agurkurt på grunn av smaken, eller manglande smak. Men den er fin til pynt på salaten. Kanskje den kan brukast på sjokoladekaka?
For dei som bur i nærheita: Eg har små plantar til dei som vil ha. Eg har også rikeleg med blomster til bruk på dagen.

4 kommentarer:

Besta sa...

Sidan eg er ekstremt glad i blå blomster, kan eg gjerne tenkje meg ein agurkurt. Hadde ein ein gong, trur den spreidde seg meir enn godt var.
Minner om at både blomkarse og ringblomst er fin salatpynt.

solveig sa...

Blomkarsen er ikkje komen enno. Ringblomst gløymde eg å så. Stemorsblomster er vel etande?

Elin sa...

Agurkurt er lurt å ha ståande litt avgrensa, viss ein ikkje vil ha det over alt. Nydelege blomar! Ta gjerne med deg ein avleggar om du avlegg meg eit besøk!

Besta sa...

Heile garasjeveggen vår er full av blomstrande blomkarse. Den sår seg sjølv frå år til år. Oppå muren, blomstrar han ikkje enno, for der måtte vi så på nytt i år.