søndag 12. juli 2009

Vel heimkomne

Sidan vi reiste Romsdalen sørover, valde vi å køyre over Stryn heim att. Vi trudde ferjene over Voldafjorden gjekk kvar halvtime, men der går dei like sjeldan som over Storfjorden. Heldigvis rakk vi ferja, og slapp å køyre rundt.

Ein annan grunn til å køyre over Strynefjellet er den flotte naturen! Dette bildet er tatt frå bilvindauget. Vegane i Nordfjord er også blitt kraftig oppgraderte.

p.s.
Mamma skriv at ho ikkje har shoppa i Sverige, berre handla. Eg kjem nok attende med fleire "kjøpt i Sverige"-innlegg.

1 kommentar:

Besta sa...

Vi køyrde rundt Austefjorden og kom til Volda 5 min. før ferja.
Eg grøssar så snart eg ser att dei vestnorske fjella, for eg trivs absolutt best i "øppna landskap......næra havet vil jag bo"