tysdag 24. februar 2009

Feitetysdag

I dag har vi kokt rømmegraut av 6 pakkar rømme og 2 liter heilmjølk. I vår familie er det rømmegraut som høyrer til feitetysdag. I svigerfamilien min var det "erter og kjøt og flesk" som var tradisjonen. Men mannen min har ingen ting i mot å gå over til rømmegraut. Det er noko av det beste han veit.
Det er tungt å røre i store gryter, så eg tilkalte karane etter tur. Berre ei hadde lyst til å røre.

(Dette bildet skulle ha vore rotert) I dag serverte vi berre spekemat "på kanten av tallerken". Elles brukar vi ofte poteter og flatbrød til spekematen. Ein kollega av meg er avhengig av "egghakk" på grauten, så her er tradisjonane forskjellige.
---
På Anlen sin blogg var det ein diskusjon om kva som høyrer til pannekaker. Her på Hareid er det vanleg med søt suppe til pannekaker. I ein diskusjon med venninnene mine var det berre ei som vil ha ertesuppe som eg. Ho arbeider på institusjon. Då eg endeleg fekk litt støtte, spurde eg "Og kva dag i veka serverer ein pannekaker og ertesuppe?" "Tysdag", var svaret. Vi var heilt på bølgelengde. Men eg er usikker på kvar eg har det frå. Er det heimanfrå eller er det i lærebøkene då vi hadde om vekemenyar?
---
Uansett er det ikkje noko som er rett og noko som er gale. Kvar må få ha sine tradisjonar. I leitinga på pannekaketradisjonar kom eg over denne i Fjordamat: "Pannekaker smakar kjempegodt til rømmegrauten. Det er noko vi må ha til", fortel dei frå Luster. "No er og vaflar populært". Vel bekomme, seier no eg!


6 kommentarer:

Besta sa...

Vi har ikkje hatt rømmegraut i dag, men åt spekemat og poteter. Rømmegraut vil eg heller lage ein gong når vi er fleire.Pannekaker og vaflar til rømmegraut har eg aldri høyrt om, og er er frå Nordfjord. I Fjordamat står der også om fisk og rømmegraut på samme tallerk. Rosiner MÅ eg ha på, men IKKJE kanel, den dominerer for mykje over grautsmaken!Einaste tilbehør som høver til grauten er spekemat, med eller utan potet.
Eg må også seie at pannekaker (som er søte) attåt søt suppe høyrest fælt ut, anten det er tradisjon på Hareid eller ikkje.Kaffi derimot........

Besta sa...

PS: Pannekaker og ertersuppe på tysdag har aldri vore nokon regel her i huset, så den ideen har du fått ein annan stad.Her har vi aldri hadde "system" i matlaginga.

solveig sa...

Vi har ikkje særleg system heller. Det er for å ikkje lage reglar ein ikkje greier å følgje.
Men eg er van med å sette saman menyar. Er det mjølk i middagen, brukar ein ikkje mjølk i desserten t.d. Derfor vert pannekaker til rømmegraut smør på flesk. Både til rømmegraut og til pannekaker høver det med noko salt, meiner no eg.
Før følgde vel kafeeane litt slike reglar for kva som skal serverast kvar dag . Dei kunne vel ikkje lage t.d. balj kvar dag.
No står vel berre institusjonane att. Hugsar du korleis det var på sjukehuset?

Besta sa...

For å sitere ein kar som hadde lege lenge på sjukehuset:"I dag er det mandag:Fiskepudding og vaflar og ønskekonsert!"
Jau, dei hadde system, men ikkje klubb(ball) KVAR veke. Då eg gikk på skule i Volda var onsdag ball-dag.Der fekk vi for øvrig servert pannekaker med steikt flest og poteter. Kan ikkje hugse om vi fekk sukker/syltetøy også. Eg tykte det var litt rat med poteter, men ein åt det som ein fekk servert,svoltne som ein var.

solveig sa...

Ho msom eg siterer sa det var pannekaker ca ein gong i månaden kanskje, menn alltid på ein tysdag.

solveig sa...

ops, to tastetrykk for mykje, men...