tysdag 17. februar 2009

Fin film - men les boka først!


Det seier seg sjølv at når ei bok på 480 sider skal bli til ein film på 1 1/2 timar, må mykje verte vekk på vegen. Filmen tek føre seg livet til Nazneen i perioden før den planlagde flyttinga attende til Pakistan. Der er tilbakeblikk til barndomen, og ho fortel om første tida til Karim. Men søstra sine brev kjem berre så vidt fram.
---
Personane er slik ein har sett dei føre seg. Og tilbakeblikka til Bangladesh viser vakker natur. Eg anbefaler alle å lese boka og sjå filmen etterpå!

5 kommentarer:

arieldog sa...

Har du kjøpt den? Kan eg låne?

solveig sa...

Lånte den av kollega AH. Den finst kanskje på biblioteket?

arieldog sa...

Finst sikkert på CDON. Har nokre andre ærend dit - etter London...

solveig sa...

Filmen var nok kjøpt i London. Den var teksta på engelsk.

arieldog sa...

Finst den i London, finst den vel på nettet òg.