I dag har eg vore på ein liten laurdagshandel, mest for å gå meg ein liten tur. Mamma sette meg på idéen med apoteksåper til 27,90. Handkrem i samme serie stod eg over, og angrar kanskje allereie. Slike pumpekanner er praktiske.
Mi venninne M sette meg på den andre idéen, nemleg georginer. Dei kan kjøpast som plantar, knollar eller frø. For mange år sidan sådde eg sommargeorginer. Første året hadde eg ein heil åker. Det danna seg knollar som eg tok inn om vinteren og lagra som poteter. Heilt til i fjor har eg hatt knollar etter prinsippet "survival of the fittest". Mi vennine M fekk alle dei kvite eit år. Eg likar best fargeblanding. I fjor fraus alle knollane. Eg tok dei ikkje inn i haustferien slik eg brukar å gjere, og så plutseleg kom det ei iskald natt med fleire minusgrader og tok knekken på dei.
No begynner eg altså på nytt. Så får vi sjå kva som skjer.
4 kommentarer:
Som du ser av mailen min, kjøpte eg handkrem også. Den kjendest heilt grei ut. Lettvint med dispenser-no kjem eg kanskje til å hugse å bruke den?
Eg har ei tube liggande i ei skål ved sida av TV-stolen. Det er når ein set seg ned ein merkar at ein har tørre hender.
Kanskje eg skal prøve frø eg også!
Kan få noke fine farga!Skal også innom Pekas,det kan hende dei he litt av kvart,på Europris også.
Til noke heilt anna:har du lest det?
http://www.dagbladet.no/2009/02/28/nyheter/blogging/internett/innenriks/2400/5062433/
Det handlar om å forstå sjangeren!
Eg ser at nokon ropar om ytringsfridom. Men det er noko som heiter folkeskikk også!
Legg inn en kommentar