onsdag 25. februar 2009

Sjampoar og sånt

Ein av fordelane med å ha fri på dagtid, er at ein rekk å stikke innom apoteket. På Hareid har vi eitt apotek medan dei i nabobyen har heile tre apotek på 5000 innbyggarar. Er dei spesielt sjuke der ute?

I alle fall så ser eg at dei satsar på å selje anna enn medisin. Fram til 14. mars er det halv pris på denne serien. Då kan dei konkurrere i pris med dei merka ein får kjøpt i daglegvareforretningane.

Eg har prøvd ut nokre av produkta og synest dei er deilige! Spesielt godt likar eg bodylotionen. Elles likar eg å skifte lukt på deodorantar og sjampoar. Bruker eg ein sort lenge, kjenner eg ikkje lukta til slutt.

Skulle eg pirke på noko, måtte det vere innpakninga. Eg likar pumpeflasker til lotion og dusjsåper kan godt ha noko å henge etter.

4 kommentarer:

Elin sa...

Helt enig med deg, dette er virkelig en god serie med fine produkter.

Besta sa...

Her i Ørsta har vi eitt apotek på 10000 innbyggerar. Eg berre nemner det. Eg er ein veldig flittig kunde på apoteket på Amfi,og der har dei eit breitt vareutval.Mellom anna ullundertøy, snop etc.Eg passar på å kjøpe handkremar etc. når det er på tilbod, så eg har prøvd denne serien også.Bra.

solveig sa...

Eg trur dykkar apotek er i same kjede som her og på Amfi i Ulsteinvik. Det spørs korleis krisetidene verkar inn på dei tre apoteka.....

STRIKKEMOR(O) sa...

Tre apotek var no utruleg mykje på 5000 innbyggjarar. Vi har berre eit, og det er ganske lite. Eg likar også godt det på Amfi i Ørsta. Det er bra stort og kjeden er ein annan enn her på Eid.