søndag 8. februar 2009

Morsdag

I veka som var hadde eg fleire vikartimar. Mykje av dagen i dag har gått med til skulearbeid, både heime og på jobb.

I kveldninga køyrde eg studenten inn i Volda og la turen innom mi eiga mor. Det ergrar med at eg ikkje fekk til MP3-en hennar. Eg måtte nok hatt litt meir tid åleine med han.

Elles kan eg røpe at når eg køyrer bil åleine, høyrer eg ofte på Jørn Hoel. Det vart altså på heimvegen. No har eg ein film å kose meg med. Ovanfor manglar nokre konjakksjokoladar, men vi har no litt att til kaffien.

2 kommentarer:

Besta sa...

Her ser far på boksing, mens mor les lydbok. Endå ei forklaring på kvifor eg får lese såpass mykje.
Mp3 eller Walkman? Det kan vere greitt å ha begge deler, så lenge dei er å få!Men eg begynte å bli redd for å bli hjelpelaus viss walkmanen klikka.

solveig sa...

Ja, her har det også vore sport. Morsdag minner ofte om farsdag.....