fredag 13. februar 2009

Politihijab i praksis.

Dette er to britiske politikvinner. Dei har knytt på seg hijaben litt ulikt. Bildet er frå klassekampen i går. Eg har lenge etterlyst bilde slik at vi kan sjå i praksis kva politihijab går ut på.

p.s.
Den nye scannaren var svært enkel i bruk!

4 kommentarer:

Besta sa...

Interessant å sjå. Men no er vel den britiske politiuniforma litt annleis enn den norske?

solveig sa...

Ja, no vil vi ha bilde! Gjerne frå fleire land!

Besta sa...

Det Ingelin Killengren sa på "Grosvold" var at ho tenkte seg ein svart hijab som "erstatta" håret og politihue over-ho var, som eg, FOR ei rein uniform.Berre tenk på kor strengt det er med bunad!!!!Ikkje nordfjordskjorte til sunnmørsbunad, nei!!!

solveig sa...

Eg hugsar jentene i Sverige med side dongeriskjørt og hijab i 28 plussgrader. I Roma gjekk dei katolske nonnene meir luftig kledde enn dei med hijab. Eg meiner kleda hindrar fri livsutfaldelse. Gutane får bade, men ikkje jentene!
Med å tillate dette i politiet, får du ikkje ein nøytral uniform, og ein tillet noko ein kanskje burde arbeide mot i 2009.