laurdag 14. februar 2009

Valnøttbrød



Ei venninne av meg skal feire dag neste laurdag. Eg har fått i oppdrag å lage brød til koldtbordet. Eitt av brøda ho ønskjer er valnøttbrød.
---
I dag leitte eg fram ei bok frå mammutsalet i fjor for å finne oppskrift. For sjølv om eg bakar mykje, er det mest etter eige hovud. I oppskrifta var det berre vatn, ikkje noko feitt eingong. Så eg tok til å prøvebake. Brødet til vensktre er etter oppskrift, dvs eg brukte berre 1 ts salt til 3 1/2 dl vatn. I brødet til høgre erstatta eg litt av væska med 1 egg og 2 ms solsikkeolje.
---
Brøda skal no få kjøle seg ned, og så skal smak og konsistens vurderast. Oppskrift følgjer.

5 kommentarer:

Besta sa...

Vi har enno ikkje tømt frysaren for det eg baka før jul!Men no må eg lage brød!Eg brukar nesten aldri oppskrift,men tek det eg har tilgjengelig, med vekslande hell.Skulle kanskje prøvd ut nokre oppskrifter.
I dag laga eg aspargessuppe for andre gong denne veka,hadde enda litt fløte igjen.Når eg ser kor lettvint det er å lage slik suppe frå grunnen av, forstår eg ikkje kva ein skal med suppeposar.Ein lagar det like lett utan.

arieldog sa...

Dei brøda såg veldig gode ut! Åt ein gong valnøttbrød med brie og eple (lunsj på Harrods, faktisk) og det fekk eg veldig lyst på no...

solveig sa...

No har eg frose ned det beste.
Elles hadde vi også aspargessuppe i dag. Når det gjeld posar og pakkar, så er det no omtrent same styret og oppvasken uansett.
Elevane mine har i lekse å bake kake heime, utan kakemiks. Det er ofte noko juks. T.d. set til egg og olje........

Elin sa...

Her er visst ei oppskrift som har gått meg hus forbi...er det asparges i hermetisk form du har brukt?

solveig sa...

Eg brukar asparges frå glas. Oppskrifta er i hovudet. Eg startar med smør og mjøl, men den kan sjølvsagt lagast med ristejamning.
Litt Toro vert det når ein brukar buljong. Kraft er alltid mangelvare her i huset.