torsdag 12. februar 2009

Vi er i gang




Som tidlegare nemnt på bloggen, driv tinga våre og kollapsar. Det er berre å begynne i ein ende.
---
I valet om kva ein skal kjøpe først, vert vel det ein minst kan klare seg utan først i køen.
---
I dag vart det kjøpt og installert ny printar. Og sidan det snart er Valentine, kjøpte eg like head-set til Øystein og meg sjølv.
---
p.s.
Frå Spania vert det meldt om 20 grader i skuggen.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ja, det er berre å kjøpe, så kjem Norge snart på beina økonomisk!!!!Eg vurderer ny tørketrommel, men vaskemaskina sentrifugerer så dårlig at det er vel liten vits. Til no har eg greidd å tørke det meste ute,og det er vel det beste.Eg har no ikkje DEI store klesvaskane.Lurte på kva headsetta var til?

solveig sa...

MP3-ane våre! Dei eg har dett ut av øyrene når eg gjer praktisk arbeid. Dei får ligge i senga.
Korleis går det med din? Eg tek den hit viss du ikkje får den til, så kan eg legge inn på nokre bøker også.

Besta sa...

Eg har ikkje orka å prøve på den MP3-spelaren ein gong. Kan ikkje sitte lenge om gongen utan at eg begynner å verke. Dessutan er ikkje tolmod med blant alle dydane mine.Men så er heller ikkje tasteskrekk blnt fobiane, så kven veit?