måndag 9. februar 2009

No er det stille i heimen


I dag tidleg reiste keeperen til varmare breiddegrader med kvart på fem båten. 6. klassingen skulle møte klokka sju ved skulen for å ta buss til ei veke leirskule på Dombås. Begge gledde seg mykje.
--
Medan studenten er i Volda vert konfirmanten einebarn. Han sit på rommet og gjer lekser, og er elles opptatt med rolege syslar. Ikkje skal han køyrast nokon stad heller.
--
Og middag? Det vert fisk sjølvsagt!

5 kommentarer:

Besta sa...

Håper det blir kjekt både på Dombås og i Spania. Konfirmanten set vel pris på å ha det fredelig, han har vel aldri vore "einebarn" før anna enn når han har vore her?.

solveig sa...

Nei, og det varte ikkje lenge. Studenten kom heim med buss. Onsdagen er avlyst p.g.a. taket på DH?

arieldog sa...

Såg den bjelken på nyheitene. Skummelt!

Marie sa...

Hei og takk for kommentar hos meg :)

Kan ikkje hugse at eg har vore innom her hos deg tidlegare, men eg kjem gjerne igjen! Koseleg blogg du har :)

Anlen sa...

Eg reknar med at dei kosar seg stort på Dombås, ja! Sikkert ei flott veke, og eigentleg bra for både born og foreldre å ha ei slik veke;)