torsdag 12. februar 2009

Mat er beste medisin

I år har eg starta med noko nytt; Prøve om vitaminar og mineral. I den nye læreboka vår er det mykje ernæringslære. Eg meiner at kunnskapen om vitaminar og mineralstoff er svært viktig og vel verd å pugge.

"Ein får meir av det ein fokuserer på", heiter det. I år har eg fokusert på den vesle gulrota om dagen som gjev oss nok betakaroten til å få nok A-vitamin dersom vi et ho saman med mat med feitt i. Til middag får dei skrelle så mange gulrøter som dei har tenkt å ete. Det har aldri gått med eller ned så mange gulrøter.

Vitamintablettar er etter mi meining unødvendig. Forskarane er visst ueinige om kroppen gjer seg nytte av kunstige vitaminar. Tran er sjølvsagt flott. Sjølv er eg svært glad i feit fisk, også som pålegg.

Mineral er ei anna sak. Jern bør eventuelt takast i samråd med lege. Damer kan trenge ekstra kalsium.

Drinken til venstre er laga av ein appelsin, eit eple og ei gulrot. Den inneheld med andre ord ein god dose C-vitamin og betakaroten. Og så smakar den nydeleg!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg trur eg får leite fram att saftpressa.Gulrøter et vi nesten kvar dag; eg et 4-5 små gulrøter til middag, og sparer heller på potetene.Men alle grønsaker er vel sunnast i rå tilstand?Eg veit ikkje kva det er, men om vinteren vil eg helst ha kokte grønsaker, om sommaren rå.Det kan vel ha med temperaturen å gjere. I dag laga eg aspargessuppe-er det sunt?Kjøpte billig asparges på Europris og hadde ein skvett fløte i, men ikkje smør. God vart den i alle fall.

solveig sa...

E låg med forkjølelse heile tysdag. Det var då vi tok fram pressa. Eg hadde også vore på Meny og kjøpt appelsiner for under 8 kr kiloen. Nypressa frukt og grønt er sunnast, sjølvsagt. På videoen din pressa dei brokkoli og andre grønsaker,....
Aspargessuppe er i alle fall godt!
Eg har eit par lange glas ståande, og så har eg ein fløteskvett....