torsdag 5. februar 2009

Oksekjøtval

Denne veka har vi hatt det vi kallar "oksekjøtval" på menyen. Forrige veke laga alle "kjøt i mørket", eller sosakjøt som det heiter her. Denne veka fekk dei velge seg ein rett frå http://www.matprat.no/ . Kvar gruppe vel ein rett og så lagar vi buffé med tre varme rettar på. Det er svært populært. Utfordringa er å passe på å kjøpe inn alle ingrediensane.

I går høyrde eg at krisetidene gav seg eit utslag på matvarer; folk kjøper kotelettar i staden for biff. Det er kanskje derfor dei no sel biff på tilbod i staden for kotelettar!

Retten på bildet heiter Biffsauté. Ein av ingrediensane var rødvin. I parentes står det (kan sløyfes). Eg strauk over kan og skreiv pluss eit smilefjes. Eg forklarte dei at alkoholen ville dunste vekk, men likevel er det ikkje lov på skulekjøken. I dag gav dei seg ikkje. "Jau, eg tok meg ein tur på Polet og prøvde å få dei til å skrive det på Hareid Kommune" seier eg. "Det gjekk ikkje". Slike spøkar er livsfarlege. Det er alltid ein som tek det alvorleg. Så eg var snar å legge til. "Det hadde vore ein effektiv måte å kome i VG på;" Lærer langer alkohol til 14-åringer"". Då kjem dagens: "Du kunne no berre ha skrive det på kyrkja!"

7 kommentarer:

Besta sa...

Den var god! Han tenkte vel på altarvin?
Eg har ikkje "råd" å bruke vin i saus, men lagar "raudvinsaus" med Solbærsirup -godt det også.

solveig sa...

Ja. Eg sa at den er sjølvsagt alkoholfri. I og med at der stod at den kunne sløyfast, og eg hadde lagt premissane på førehand, måtte dei greie seg utan. Vi bestiller på Prix, og det får halde. Eg var innom ein annan butikk etter eit par krydder.

Anlen sa...

Herlig:)

Eg var på skulekjøkenet ein dag tidlegare i veka, og foreslo at dei skulle lage friterte glaggermusvingar, gratinerte grisehalar og lungemos. Det vart såvidt nedstemt, til fordel for flettaloff;)

Eg har av og til ei flaske rødvin, som aldri vert drukken opp. Så då vert det litt rødvin i kjøtsaus og denslags. Det smakar veldig godt, faktisk!

Besta sa...

Gløymde å seie at du godt kan legge ut oppskrifta, for dette såg godt ut.Eg er interessert i å lage mat med mykje grønsaker og lite poteter, men vinn ikkje gehør for det! Vi hadde kotelettar i dag.

solveig sa...

Trykk på biffsauté, der er link.
Raudvin er sjølvsagt godt i saus. Meiner at folk kjøper matvin billeg i Sverige. Eg kjem ikkje på det.
På skulekjøkenet får ein vel halde seg til norsk lov...

Besta sa...

Unnskyld meg, men eg blogga visst litt for seint på natt. Burde ha sett at der var oppskrift. Elles tykte eg ikkje tilbehøret til kjøtet var særleg spennande. Squash og asparges?Kunne tenkt meg meir eksotiske smakar.Men ein står vel fritt til å komponere nye rettar?

solveig sa...

Eg har ikkje fått nokon ny favoritt denne veka for å seie det sånn. Både paprika og gulrøter er godt i mange rettar. Eg synest generelt sett at dei kan ha fleire grønsaker i. Vi hadde sukkererter i ein del av rettane. Aspargesbønner fekk vi ikkkje tak i t.d.