måndag 2. februar 2009

Tørre hender?

Ein lærer så lenge ein har elevar, heiter det. Ei 8. klassejente spurde meg om å få olivenolje, for ho hadde så tørre hender. Ho fekk litt medan eg skyssa henne ut av dørene. Velkomen att neste år!

Sjølv er eg skikkeleg plaga med tørre hender innimellom. Det vert hyppig handvask og oppvask i mitt yrke. Eksem har eg unngått siste åra med å bli flinkare med handkrem. Eg kjøpte ulike typar forrige veke då dei var halv pris på apoteket.

Men eg har oppdaga at ein biverknad av focacciabrød, er gode og mjuke hender. Eg vaskar meg då utan såpe. Det skadar ikkje å prøve!

1 kommentar:

Besta sa...

Olivenolje er eit gammalt og godt hudpleiemiddel. Hadde ein kollega ein gong som smurde inn heile seg, hud og hår, med olivenolje og gikk rundt i frottekåpe i fleire timar før ho dusja det av.Eg har prøvd det i håret, og det gjer godt, men så spørs det kor lett det er å få ut att?