søndag 1. februar 2009

Januar 2009 - ei oppsummering




Det har vore ein snøfattig januar her på Sunnmøre. I går fekk eg ei slik vårkjensle at eg tok med meg fotoapparatet ut i hagen for å finne vårteikn.
---
Det einaste eg kunne finne var nokre tustar med grønnkål. Elles så ser eg at hortensiaen frå i fjor har knuppar.
---
Med 10 grader midt på dag, har vi rett og slett vorte lurte til å tru at det er vår. Kalenderen viser 1. februar, så vi kan risikere, eller håpe på, alt etter korleis ein ser det, store snømengder enno. Siste åra har vi fått snøen i mars. Då legg han seg ikkje på vegen, og når sola kjem, er det nydeleg her.

Ingen kommentarer: