fredag 27. februar 2009

Magiske øyeblikk



Sommaren 97 gjekk eg og bar på ein baby som ikkje ville sove, berre skrike. Storebrødrene gjekk det alltid an å trøyste då dei var babyar. Olaug var uroleg på dagtid, og når brødrene la seg, begynte skrikinga. Den avtok ut på natta.

Berre ein dag sov ho. Den dagen Diana vart gravlagd sette eg meg framfor fjernsynet med jenta på fanget. Ho sov seg gjennom heile gravferda.

Elton John sin song er eit vakkert minne frå dagen.

P.s.
Korleis eg kom på dette i dag?
Musikk i bilen!

1 kommentar:

arieldog sa...

Som du sikkert har sett på bloggen min, har vi valfarta til minnesmerket over Diana og Dodi i kjellaren på Harrods, og så har vi sett minnefontena til minne om Diana i Hyde Park. Eg hugsar spesielt godt då ho døydde, og ei anna trafikkulukke som skjedde same helga.