onsdag 9. april 2008

Nye filer

6 kommentarer:

Besta sa...

Sei til Olaug at ho skal få sommarjobb med å lære mormora si meir om data. Trur ho blir familiens dataekspert!!!!

solveig sa...

Det går mykje på "learning by doing", og som eg skreiv i går, prinsippa er like i dei ulike systema. YouTubefil mykje enklare enn link, men logikken er den same.

arieldog sa...

Elevane flirar av meg fordi eg finn så mykje på YouTube. Der er diktopplesing, songar, filmklipp og landskapsbilete i skjønn foreining. Til dialektkunnskapstimane fann eg mellom anna supportarsongar - berre for å sprite opp stemninga litt.

Besta sa...

Dette høyrest artig ut. Forstår at eg har mykje å lære, godt at O. vil hjelpe meg. Hadde sikkert funne ut mykje sjølv viss eg kunne sitte pal nokre timar.
Apropos elevar så såg eg i avisa i dag at M og min felles elev, Pernille, skal ha utstilling.Ein som eg hadde på skulekjøkkenet i si tid er student på fysikalske der eg går.Gamle elevar finst over alt. Dette er meint som ei åtvaring til alle lærarar.

solveig sa...

Mykje artig på YouTube. Eg har funne elevar der og... Vi har sett litt på talent i desse dagar.
Grunnen til at eg legg ut Bruce, er at eg såg at folk gjer det på bloggane sine, og sidan eg var i siget. Men det er noko med å ha tid.

STRIKKEMOR(O) sa...

I just LOVE Bruce Springsteen!!