måndag 14. april 2008

Måndag, snart helg.

Ein av kollegaene mine har dette til måndagsuttrykk. Og er det ikkje slik det er?
I år har eg alle timane samla frå måndag 4. time til og med torsdag 3. time.
Med ein slik timeplan vert det fort helg!

Blogglesarane har sikkert oppdaga at det kjem få innlegg frå meg i veka. I dag gjer eg eit unntak med bilda eg tok i går og får kalle "Vårteikn i hagen".


Peonane har også begynt å stikke opp!

6 kommentarer:

arieldog sa...

Fine og koselege bilete! Er det macro- og er det kameraet som eg har sameleis? Då må eg ut i morgon den dag!

Besta sa...

Det ser ut som om våren er komen nærare på Hareid enn her. Her låg markene kvite i dag igjen. Men dette må vel vere "erle-rida" som det heiter her, siste snøfallet altså (etter at linerla er komen).

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine blomsterbilder! Det er herleg med vår, men her er det ganske kaldt enno. Du har skikkeleg langhelg i år, skjønar eg. Det er sikkert fint på ein måte, men travelt når det står på frå måndag til torsdag. Eg har mat og helse måndag og fredag, og relativt rolege dagar (med unnatak av tekstilforming tysdagane) dei andre dagane. Dvs. mindre krevande undervisningtimar. Men eg underviser 26 timar i veka, så det går ganske i eitt.. Men no er det berre ni veker igjen til sommarferien, og det kjem nok til å gå fort! Vi har allereie ordna oss med flybillettar til New York, og skal vere der (tek kanskje ein tur til North Carolina og)i tre veker. Så det skal bli spanade! Eg har aldri vore i USA før, men O. var der to gogar i sin ungdom.

solveig sa...

Heldigvis varierer timeplanen frå år til år, så ein får prøve forskjellig. Eg har 80% foreløpig. Amerika høyret spennande ut!
Elles må eg skjerpe meg med fotoapparatet. Mi venninne M har sameleis. Ho har brede på brukanvisninga, for å seie det sånn.....

Milena sa...

Fine bilda,kjekt med sikkelig kamera!

solveig sa...

Utstyret hjelper, ja, men eg forstår der er uante mulegheiter...
Eg tek imot tips!....