søndag 6. desember 2009

6.desember


I dag har vi vore på dagstur til Molde.  Dette bildet er tatt frå Hareid ferjekai.  Utanfor ligg det ein oljerigg og eit par slepebåtar.  Medan vi sende bilde til morfar, høyrde vi bak oss "Morfar jobbar på den båten der, og pappa har vore med og laga han."  Ekte sunnmøringar, altså.

Oljeriggen er litt av eit syn i mørkret med lys i alle fargar.

Her er bilde frå ferjekaia på Furneset.  Det bles i Molde i dag, og temperaturen låg på 8-10 grader.

Vi hadde ei triveleg stund i Molde i dag.  Dei var komne litt lenger med julepynt og julemat enn oss!

2 kommentarer:

Milena sa...

Herfra ser oljeriggen som eit stort juletre om natta!:-)

solveig sa...

I går då vi kom frå Vik trudde eg først det var ein ny deltakar i konkurransen om det største treet!