torsdag 17. desember 2009

17. desember


I dag har vi lagt smør på benken og skaffa oss gode råvarer med tanke på baking.  Kvelden vil vise kor langt vi kjem.  Når det gjeld bakst, er det berre ekte vare som gjeld!  Fast margarin har eg slutta å kjøpe.  Og eg har det frå høgste hald!  I skrivet som følgjer med kokeboka for ungdomsskulen, står det svart på kvitt at til julebaksten kan ein bruke meierismør.  Til matlaging elles bør ein bruke mest muleg olje og flytande margarin i staden for fast.  Og det er ikkje tvil om at smør hevar smaken!

2 kommentarer:

Alt godt sa...

Der har du det gode vaniljesukkeret, ja. Eg får sjekke her i storbyen om dei har det her og, har ikkje sett det før. Smør er det einaste som fungerer i julekakene, ja!

solveig sa...

Eg la ut bilde slik at du kunne sjå kva du skulle leite etter....