onsdag 2. desember 2009

2. desember


I kveld har eg vore saman med nokre damer og bakt lefser til jul!  Det er sosialt å vere fleire om den jobben.  Eg hadde med meg fotoapparat, men det vart ikkje til at eg tok det fram.

På skulekjøkenet står det finnbiff m/potetmos og krumkaker m/krem og frukt på menyen. Eg tok bilde av elevane mine rundt eit fint dekka bord.  Dei lurte på om eg skulle legge bildet ut på bloggen.  Der må eg skuffe dei.  Då måtte eg innhenta løyve frå føresette.  Men de kan få sjå ein desserttallerken.

Elles nemnde ei av damene at det er den internasjonale dagen for frigjeving av slavar i dag.  Så veit de det!

Ingen kommentarer: