måndag 7. desember 2009

Utstillingsnissar


Noko som vi gledde oss til i vår barndom, var at nissane skulle kome i butikkvindauga.  Ose/Årset (Usikker på skrivemåten) i Ørsta hadde ein fantastisk flott nisse som "truet med sin store skje" medan rottene sprang rundt.  Skal tru om den eksisterer enno?

Nissane på bilda er knipsa gjennom butikkvindauge i Molde.  Desse to sit i ro medan den på det øvste bildet sat og banka.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det er ikkje så mange butikkar som har utstillingsvindu mot gata. Nissane har trekt inn i kjøpesentera - dei også.
Så det å gå tur og sjå i butikkvindu sundagane før jul er det nok ikkje mange som gjer lenger.Men eg hugsar kor kjekt det var.

arieldog sa...

På SkOlsen i Volda har der ofte stått ein nisse og banka på ruta, men han er der ikkje i år...