måndag 7. desember 2009

7. desember


I dag har både engelsk-og norskklassa mi hatt tentamen.

No har eg vore nedover for å levere bibliotekbøker og handle inn til fruktkake.  På butikken hadde dei ikkje dadlar.  Øystein skulle ha bilen for å køyre til Fosnavågen for å lese på Rotarymøte der, så det vart med den eine butikken.  Kakebakinga får vente.  Eg fann ein pose plommer i frysaren som skal bli til sylte i løpet av kvelden.

Litt heldigare var eg på biblioteket.  Eg skulle som sagt berre levere, men så kom eg over denne boka!

4 kommentarer:

Besta sa...

Ikkje dadlar? I desember? Hallooooo. På nærbutikken vår hadde dei ikkje korintar, og i fjor hadde eg problem med å få tak i lilla serviettar i adventstida.Kjen er det som planlegg innkjøpa?

solveig sa...

Dei som var der i dag, verka noko stressa. Men dei får vel inn både mandelpoteter, dadlar og røykelaks på tilbod seinare i veka, få vi håpe.

Besta sa...

Eg er irritert på meg sjølv fordi eg skriv så mange feil, og oppdagar dei for seint. Forresten er det 7.desember i dag!

solveig sa...

At det går an, flott at du seier frå!