laurdag 12. desember 2009

Kalkun


Laurdag for to veker sidan stod eg i butikken og lurte på kva eg skulle finne på til middag.  Augene traff på ein kalkunfilet til rundt 150 kr. kiloen.  Det vart til at eg tok med meg ein heil kalkun heim for å skjere ut filet sjølv.  Det vart ikkje noko av dette, for tinetida var to døgn.  Eg heilsteikte kalkunen og laga tilbehør som til svinesteik.  Det er mykje mat i ein kalkun til ein familie.

Torsdag kjøpte eg inn kalkun med tanke på å dele opp i dag.  Kalkunen vog 5 kg og kosta 150 kr.  Av dette fekk eg 1 kg filet og 1250 g kalkunlår.  Låra fraus eg ned att.  Dei kan vel settast halvfrosne i omnen som ein gjer med kyllinglår?  Elles har eg mykje bein att som eg no skal koke kraft av.

I  kveld kjem jusstudenten heim att til jul.  Då vert det omnsteikt kalkunfilet.

Framhald følgjer.

Ingen kommentarer: