torsdag 3. desember 2009

Bok 74: Krim?


Eg ser at enkelte stiller spørsmål om dette er ei krimbok. Viss ein meiner at det skal vere ei krimgåte som vert løyst, så fell denne romanen utanfor sjangeren.

Hovudpersonen er ein kar på moped som veks opp med ei alkoholisert mor.  Han gjer ein del grove rampestrekar han ikkje skjøner rekkevidda av.  ein snøball begynner å rulle.

Akkurat som i andre romanar får vi sympati for personane, både dei "vonde" og dei "gode".  Her er spenning til siste slutt!

Dette er ei bok blogglesarane må få med seg anten dei liker krim eller ikkje.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det er fint viss du kan legge Fossum inn på MP3 -spelaren min.Det er berre å fylle opp.Lite å finne her nede no.

solveig sa...

Skal bli!