måndag 21. desember 2009

21. desember


I dag er eg fint ferdig.

Eg trur eg har kjøpt dei siste julegåvene.  Litt småtteri kan vel bli plukka ned frå hyllene i matbutikkane, men i grove trekk er eg ferdig.  Det siste eg plukka med meg var to posar smultringar, så no har vi kaffimat Ariel!

Eit kakemonster og kompisen hans hadde forsynt seg litt meir frå kakeboksen enn bakaren sette pris på i dag medan ho var på skulen. 

Denne kakeboksen var den finaste eg visste då eg var lita.  No har fuglevennen arva den etter Besta.

4 kommentarer:

Besta sa...

Denne kakeboksen kjøpte Nils, på oppdrag frå meg, eit av første åra vi budde i Ørsta.Han kjøpte ein til, men fugleboksen var den finaste.Eg brukte å lage store porsjonar av julekakene når eg først tok meg saman.
Eg blir litt nostalgisk når eg ser den boksen, men har er komen i gode hender ser det ut til.
Då eg var liten og vi budde i prestegarden på Eid, hadde vi ein kakeboks med Bukken Bruse på. Den likte eg godt!
Underleg KVA ein hugsar.

solveig sa...

Vi har alltid julemannar i den boksen, for det er den kaka vi lagar størst porsjon av. Eg synest det er fint med "barnslege" motiv i jula. Jul i sølv og kvitt vert for kjedeleg.

Alt godt sa...

Eg har den i den store og firkanta utgåva. Eigentleg er firkanta boksar meir praktiske på hylla. Hos meg står den full av bursdagseffektar, du veit godteposar, plystrer, masker og ballongar. Kvar gong eg fann noko slikt på tilbod kjøpte eg det og la dei i den boksen.

Men no er ungane så store at dei vil ikkje ha slike "barnslege" bursdagar lenger, så no får den nok bli kakeboks att. Eg hugsar den som krumkakeboksen heime hos ne mor, det var så lettvint å legge krumkaker i den firkanta boksen, side om side. To rader med krumkaker, anføttes i boksen passa akkurat.

Besta sa...

Eg har vore inne på det før:Kakeboksar bør vere firkanta-ikkje runde. Har de prøvd å få tak i ein RUND kakeboks som står litt for høgt oppe på ei hylle?