tysdag 8. desember 2009

Bok 75: Ei perle av ei bok


Vi har høyrt og lese delar av historia om norske Marianne som var gift med Axel Jensen, og som hadde eit forhold til Leonard Cohen.  Han laga også ein vakker song til/om henne.  De kan lese meir her.


Marianne Ihlen fortel i boka si om forholdet til Axel Jensen og Leonard Cohen.  Den første får sitt pass påskrive, likevel utan at han vert skildra i svart/kvitt.  Forholdet til Leonard er vakkert skildra.  Ho er hans første kjærleik.  Og han seier at han er like glad i guten, Axel, som han er i henne.  Men han er jøde og  kan ikkje gifte seg med ei fråskild kvinne.  Etter at forholdet tek slutt, hjelper han henne økonomisk.

Mykje av handlinga går føre seg på den greske øya Hydra.  Kunstnarmiljøet her er interessant å om. Det er sjølvsagt naivt å tru at heile sanninga kjem fram, men vi får høyre om narkotikabruk i tillegg til at alkoholen flyt heller fritt.  Kjøtkaker krydra med marihuana gjev festleg stemning i heimen.

Kos dykk med "So long, Marianne", videoen under - og boka.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese om Marianne i eit blad. Kanskje eitt av dei eg har arva etter deg?

solveig sa...

Eg har lese artiklar om henne før, men ikkje så detaljrikt sjølvsagt.