fredag 4. desember 2009

Let vi oss lure?

Eg let meg i alle fall lokke...

Alt godt hadde eit innlegg om innkjøp i går som er vel verdt å lese.  Dei som skal selje har mange triks.  Vi mange av dei, men gå likevel i fella, d.v.s. vi kjøper det dei vil selje oss - og føler vi har gjort ein god handel.

Det har kome ein ny salsmetode som apellerer til eitt eller anna i oss.  Vi kan samle poeng og så kan vi ønske oss gåver.  Det er ikkje så lenge sidan eg fekk meg "gratis" panner. Men med ei krone pr hundrelapp går det kanskje år (like lenge som det er sidan eg fekk dei blå stetteglasa) mellom kvar "gåve". 

For å skru opp tempoet i denne "sparinga" har ein luring funne på noko nytt. Desse pizzaøskene eg kjøpte i går betalte eg full pris på, med 40% av summen går rett inn på "gåve"-kontoen min som aukar med ca 40 kr.  Eg må innrømme at eitt eller anna i meg gler seg over dette, og eg let meg villig lokke - eller lure.

P.s.
Om eg et ferdigpizza?  Det har elevar lurt på før sidan eg reklamerer slik for heimelaga.  Jaudå, men denne skal ungane ete medan vi vaksne et middag i Ulsteinvik i morgon.  Det gjeld å sikre ungane ein normal oppvekst, bruker eg å seie når eg kjøper frosen pizza.

Ingen kommentarer: